Søk
 
Kontakt oss
Kontakt uskedalen.no:
Tips til redaksjonen
E-post: uskedalen.no
Kristian Bringedal
Tlf nr:915 31 487
Svein Rimestad
Tlf nr:911 09 868
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Kontakt Uskedal Utvikling
E-post
- - - - - - - - - - - - - - - - - - -
Bli medlem
Årspriskr 200.-
Kontonr. 1503 39 82329
Last ned giro
VIPPS 512870
- - - - - - - - - - - - - - - - - -
Nettsider frå Uskedalen
Festidalen
Uskedal Idrettslag
Uskedal elveeigarlag
Aktivitetar i Uskedal

Lesarbilete

Eldre bilete
2020
2019
2018
2017
2016
2015
Lesarbilete
Notisar
05.12.2020
Webkamera er defekt og vert utfasa.
Knut A. Myklebust melder at webkamera med oversiktsbilete over camping, båthamner og deler sentrum er defekt og vert ikkje fornya. Kamera, montert på husveggen hans, har lege ute på YR.no. Kostnaden med nytt kamera må dekkast av brukarane, evt. i eit pleiselag med Uskedal utvikling og næringslivet. Knut Andreas er positiv til at kamera vert montert på huset hans.

kb 
05.12.2020
Trekking Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 5.desember 2020
To nye gevinstar finn sine vinnarar i dag. Lue frå Laga på Holmen er vunnen på kalendar nr. 37, medan eigaren av nr.194 har vunne heimestrikka gryteklutar.  Vi gratulerer vinnarane som kan ta med seg kalendaren sin og få gevinstane sine på Auto 88 AS.

tid
04.12.2020
Trekking Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 4.desember 2020
Vinnartala i den fjerde luka i Skulemusikken sin adventskalendar er klare.  Dagens vinnarar har nr. 84 og nr. 186.  Eigar av kalendar 84 har vunne heimestrikka vottar medan gevinsten til eigar av kalendar nr. 186 er heimestrikka tøfler.  Vi gratulerer vinnarane, og dei kan henta gevinstane sine hos Auto 88 AS.

tid
03.12.2020
Trekking Uskedal skulemusikk sin Adventskalender 3. desember 2020.
I dag, 3. desember, er det trekt ut to nye vinnarar av Uskedal skulemusikk sin adventskalender. Heimestrikka vottar er vunne på nr. 126. Strikkesett lue og vottar er vunne på nr. 457. Gevinstane kan hentast på Auto 88.

kb
02.12.2020
Trekking Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 2.desember 2020
I dag er det trekt ut to nye heldige vinnarar på Uskedal skulemusikk sin adventskalendar.  Begge har vunne fine heimestrikka gevinstar.  Eigar av kalendar nr. 212 har vunne vottar medan det er trekt ut gryteklutar på nr. 264.  Gevinstane kan hentast på Auto 88 AS.

tid
01.12.2020
Kommunevegane er ikkje salta eller strødde.
Fylkesvegen gjennom sentrum og vegen på Døsslandssido og vidare mot Musland er salta. Det er derimot ikkje kommunale vegar som t.d. vegane i byggefelta og vegen ned til Beinavikjo, heller ikkje vegen på Kjærlandssido. Dette må alle vera merksame på for å unngå fall og skade.

kb
01.12.2020
Lysmesse i Uskedal kyrkje sundag 6. desember kl. 15.30.
Den årlege lysmessa i adventstida er sundag 6. desember kl. 15.30. Konfirmantane er med og foreldra er særskild inviterte. Lysmessa er open for alle. Maks. frammøtetal er 50 personar. Liturg er Carsten Mrusek. Organist er kantor Eva Megyesi.

kb
01.12.2020
Trekking Uskedal skulemusikk sin adventskalendar 1.desember 2020
Då er vi komne til 1.desember, og spenninga er i gang.  Første trekningar er gjort, og det er to heldige vinnarar.  Heimestrikka lue er vunnen på kalendar nr.13, og heimestrikka skjerf til småbarn er vunne på nr.280.  Vi gratulerer dei heldige vinnarane som kan henta gevinstane sine på Auto 88 AS.  Skulemusikken vil også nytta høvet til å takka alle som har støtta korpset på ulike måtar.  I morgon tidleg kjem vi med to nye vinnarnummer.

USM.
30.11.2020
Juletresal på Elins Matgleder frå torsdag 3. desember.
Juletresalet startar torsdag 3. desember på Elins Matgleder. Det er juletre frå bonde i Ølen.

kb
29.11.2020
Garderobehuset på Heio er på lista for tildeling av Spelemidlar.
Rehabilitering av garderobebygget på Heio er prioritert på 8. plass over ordinære anlegg for spelemidlar i 2021. Kostnaden er rekna til kr. 845.000,-. Søknad spelemidlar er sett til kr. 281.000,-. Det er til vanleg eit etterslep på desse tildelingane. Difor er det lite truleg at Heio når opp i denne omgang.

kb
Siste Nyhende
05.12.2020
Lokal handel på Elins Matgleder - Juletre, julebakst, konfekt og julegåver.
Juletresalet er i full gang på Elins Matgleder. Juletrea vert hoggen og henta frå bonde i Ølen, slik det har vore dei siste åra. Kjøpar kan velja mellom to storleikar til ulike prisar, anten kr. 600,- eller kr. 700,-. Dersom du kjem utanom opningstida, kan du betala med VIPPS. Viktig informasjon finn du på plakat på døra.
04.12.2020
Endre Eidsvik - ny administrerande direktør i Zinus.
Endre Eidsvik ( 58 ) frå Uskedalen er tilsett som ny administrerande direktør i bømloselskapet Zinus. Zinus er ein global leverandør av kabelløysingar og ladestrukturar for hamner og skip. Ny låg- og høgspentteknologi gjer at reiarane kan slå av hjelpemotorane mens dei ligg i hamn, noko som fører til redusert forureinsing og klimagassutslepp.
03.12.2020
Lokal julemat frå Friheim Gardsmat sel godt.
Bjørg Inga og Kurt Inge Miljeteig i Friheim Gardsmat er godt nøgd med  salet av kjøtprodukt til jul. Det vart rett nok ikkje Jul i Rosendal i år, heller ikkje Julemessa på Nå. All omsetnad er lagt til Friheim. Kundane gjer avtale og finn fram til produksjonslokalet øvst i Uskedalen. Mange har vore faste kundar sidan oppstarten i nye lokale i 2006. 
02.12.2020
Budsjettforlik sikrar vidare drift i Dønhaug Gardsbarnehage.
Eit budsjettforlik på Stortinget sikrar vidare drift av Dønhaug Gardsbarnehage. Eit framlegg om å kutta kapitaltilskotet og pensjonsoverføringa til private barnehagar er ikkje aktuelt å gå vidare med. Gadsbarnehagen på Dønhaug har 19 born og 6 tilsette. Barnehagen, som opna i 2007, er svært populær og har ved fleire høve skåra høgt på foreldreundersøkingar.
02.12.2020
Sauer og geiter beitar på innmarka like til jul.
Snittemperaturen i november har vore høg. Dertil ha det vore mykje nedbør. Det som kunne vore tredjeslåtten for mange bønder, vart safig og godt beite for sauer og geiter. På Myklebust og på Leite er det meste av arealet nedbeita slik det skal vera før frosten set inn.
01.12.2020
Kvinnherad Arena - spørjeundersøking om bruken.
I samband med utbygging av Kvinnherad Arena på Husnes ønskjer Kvinnherad kommune å undersøkje kor mykje dei einskilde organisasjonane ser for seg å nytta hallen. Undersøkinga er retta mot organisasjonar som direkte eller indirekte har ein aktivitet som tangerer med dei areala vi planlegg inn i Kvinnherad arena:
30.11.2020
Hyttefeltet på Rød er eit steg nærare realisering.
Hyttefeltet på Rød, med ein lang historikk, er eit seg nærare realisering. Det føreligg søknad om oppstart av opparbeiding av veg, VA anlegg og planering av tomter slik reguleringsplanen syner. Søknaden gjeld også opparbeiding av veg og planering av tomter til regulerte naust. Hyttefeltet Rødshagen har gards- og bruksnummer 121/22. Det er teikna inn 9 hyttetomter og 7 nausttomter.
29.11.2020
Aksnes familien takkar. Framleis mulighet til å gi støtte.
Innsamlinga til transport og operasjon for nakkeskadde Eirik Aksnes har no passert 300.000.  Eirik og familien er svært takksame for støtta dei har fått både frå privatpersonar, aviser, firma og lag.  På grunn av koronasituasjonen er dessverre operasjonen utsett, og derfor er perioden for innsamlinga blitt utvida til månadskiftet januar/februar.
27.11.2020
Julegrantenninga - ein ubroten tradisjon frå 1963.
Musikklaget var der. Meir folk enn venta var der og ljoset frå 78 pærer vart tend nøyaktig kl. 17.00. Om ikkje Børsdalsnissen kom, fekk våga seg. Det var heller ikkje kafe og sal frå boder. Koronaen sette nemleg ein stoppar for ei fullstendig markering. Musikklaget talde 9 medlemer i kveld. Fire av dei var med på den fyrste julegrantenninga for 57 år sidan.
Sponsorar
Sparebank 1 SR bank ASA
Spar
kvinnheringen
Gros Blomster
Brødrene Hjønnevåg AS
Kvinnherad Breiband
Uskedal Røyr og Multiservice
Uskedal Båtlag
Kvinnherad Vekstbedrift AS
Grenda
Tysnes Sparebank
Solheim Turiststajson
Zjakk Frisørsalong
Eidsvik Eigedom AS
Rabben feriesenter
S. Rødsten Bilforretning A/S
Kvinnherad Renhold service
Auto 88
Ospelunden
Stord Lufthamn
iDrift AS
Kvinnherad Elektro
Kvinnherad Breiband
Utvikla av iDrift AS