Uskedalen Utvikling Uskedalen Utvikling 2010-03-10T06:32:49+01:00 Gløym ikkje påske-quizen! Anita Enes har laga ein flott plakat for å minna oss om at vi ikkje skal gløyma å melda oss på til påske-quizen i Helgheim. 2010-03-09T00:00:00+01:00 Her ligg det ei hytte! Det har vore ein uvanleg snøvinter, men den er slett ikkje eineståande. Det har vore store snømengder også tidlegare, i alle fall i fjellet. Som eit døme på det bringer vi dette biletet, som er teke omtrent midt på 1950-talet ved Mannsvatnet. 2010-03-09T00:00:00+01:00 Ikkje det heilt store kafebesøket Av grunnar som ikkje vi tør å spå om har ikkje besøket på Cafe TI-aren vore det heilt store no midtvinters, Til dømes har 23 vaksne og 4 barn vore innom denne tysdagen. 2010-03-09T00:00:00+01:00 Panorama av Uskedalsfjella Dag Hermansen, feriegjest i Uskedalen. er ein flink fotograf, som ikkje minst har teke mange bilete frå fjell-eldoradoet sitt rundt Mannsvatnet. 2010-03-09T00:00:00+01:00 Godt år for båtlaget 2009 var eit godt år for Uskedal Båtlag. Dette var ein av konklusjonane i årsmeldinga som vart presentert under årsmøtet på Stemneplassen tysdag kveld, for 12 medlemmer. 2010-03-09T00:00:00+01:00 Avkøyrsle blir oppgradert til kryss Ei avkøyrsle med fylkesveg 48 (før riksveg 48) i Uskedalen blir no oppgradert til kryss etter søknad frå Tor Eik i samband med at det vert søkt om frådeling av ein parsell som tilleggsareal til nærings- og forretningsføremål.. 2010-03-08T00:00:00+01:00 Til Uganda med Strømmestiftelsen Lill Myklebust Skaadel frå Uskedalen, som no er kateketvikar på Karmøy, er heime att etter ein opplevelsesrik, 13 dager lang tur til Uganda. To konfirmantar og Jan Inge Revheim frå Strømmestiftelsen var dei andre deltakarane på turen. 2010-03-08T00:00:00+01:00 Vatnet blir stengt av i kveld! I kveld mellom 18 og 20 blir all vassforsyning innanfor Grano stengt av på grunn av ein lekkasje like ved'den tidlegare samyrkelagsbygningen,(biletet).. 2010-03-08T00:00:00+01:00 Nesten 5 meter! Thor Arne og Marius har laga snømann medan dei var på gardsbesøk på Kjærland. 2010-03-08T00:00:00+01:00 Fylkesmannen trekkjer klage Som han varsla på førehand har no fylkesmannen trukke klaga i samband med søknaden frå Haldis Myklebust om frådeling ved Musland. Saka gjeld frådeling av 4 dekar til næringsareal og tilleggsareal til bustad. 2010-03-07T00:00:00+01:00 Sjøwall får nei frå fylkesmannen Per Arild Sjøwall sitt bustadprosjekt i Kleivadalen er i motvind.No har fylkesmannen klaga på vedtaket i forvaltningskomiteen om å gje dispensasjon frå kommunedelplanen og byggjeforbodet i 100-metersbeltet mot sjøen. Han legg ned påstand om at vedtaket blir omgjort slik at det blir gjeve avslag på søknaden om dispensasjon. 2010-03-07T00:00:00+01:00 Feet med lengst snømann - førebels I går uitlyste vi ei høgst uformell tevling om å laga den lengste snømannen i Uskedalen og no er tevlinga i full gang, inspirert av nokre sparsomme varmegrader. Fleire har sendt oss bilete Førebels er det Nedre Feet som leiar. 2010-03-07T00:00:00+01:00 100 med i Kvinnheradmeisterskapet Det deltok rundt rekna 100 iKvinnheradmeisterskapet på ski som gjekk i Tveitedalen sundag, fordelt med 70 på karusellrenn nummer 5 og 30 på barneskirennet. 2010-03-07T00:00:00+01:00 Kollaps utløyste måking av taket Symjehallen på Hatlestrand har kollapsa og det har i dag utløyst måking av taket på Aktivitetshuset i Uskedalen. - Her er det 60 centimeter tung snø og det er ikkje verd å ta nokre sjansar, sa Kjell Yri som gjorde ein stor måkeinnsats i ettermiddag - saman med Mikael Røssland. Det er best å vera føre var.. .Så mykje snø har det ikkje vore på minst 20 år her i bygdene. 2010-03-07T00:00:00+01:00 Snart klart for fleire bustader i Nedre Halsabråtet Rådmannen går inn for at kommunestyret skal godkjenne forslaget til reguleringsplan for det nye bustadfeltet i Nedre Halsabråtet, der ivar Gundersen er tiltakshavar. Grunnlaget for kommunal eigengodkjenning er til stades, slår rådmannen fast. Saka skal opp i forvaltningskomiteen 10. mars og i kommunestyret 25. mars. 2010-03-06T00:00:00+01:00