 |

Ikkje lenger usemje om sluttoppgjer |  | | Supplyskip nummer 2 same dag som slepinga mot Sunnmøre starta. (Foto: Ola Matti Mathisen)a. |
| | | | I årsmeldinga for 2009, som vart underteikna 30. juni, blir det opplyst at det er usemje om sluttoppgjeret for supplybåten som Eidsvik Skipsbyggeri leverte i april til O.H. Meling & Co i Stavanger. Det er det og for arbeidet som er gjort på bygget som no skal utrustast av Kleven Maritime på Sunnmøre. Det er Bergens Tidende som skriv dette. | | | | Men usemja mellom verft og reiarlag vart avgjort dagen etter at årsmeldinga var underskriven | | | | Det vart gjort ein avtale 1. juli som avslutta striden opplyser rådgivar Oddbjørn Bjørnsen hos O.H. Meling, men han vil ikkje kommentere innhaldet i avtalen. | | | | BT opplyser at trass i eit lite overskot i fjor er heile eigenkapitalen tapt etter at Eidsvik i 2007 og 2008 gjekk med eit underskot på tilsaman 42 millionar kronar. | | | | Likevel meinte styret i fjor sommar at det var grunnlag for vidare drift. Vurderinga grunna seg i ein friviljug akkord som reduserte gjelda og eit lån frå eit reiarlag som skaffa pengar til vidare drift. | | | | Vurderinga viste også til kontrakta om å utruste eit supplyskip og opsjonen på også å utruste søsterskipet, eit oppdrag som no har gått til Kleven Maritime etter krav frå O.H. Meling. | | | | Av Ola Matti Mathisen | | | | | | | |
| |
 |