Framsida
Uskedalen Utvikling
Dette er Uskedalen
Porten til Hardanger
Gamleskulen
Aktivitetshuset
Det skjer i Uskedalen
Turstiar
Overnatting
Bilete
Historisk stoff
e-post til oss
Lag og organisasjonar
Annonsering
Nyhende
Søk
 
Kontakt oss
Kontakt oss:
Ola Matti Mathisen
Tlf nr:99 37 13 25
Kontonr: 3460 07 52350

Ny siger for Nesjarane!

Klikk på bilete for full storleik
Sigerslaget Nesjarane besto denne gongen av Mariann Pedersen, Birger Myklebust, Dag Hermansen og Berit Lappegård. Her er laget saman med programleiar Morten Nilsen. (Foto: Ola Matti Mathisen)
 
Det er ikkje lett å setta til veggs det lokale quiz-lag Nesjarane.

 

Det fekk konkurrentane erfare også under runde nummer 4 som gjekk på Vertshuset i kveld. 

 

Men overlegen var kvartetten ikkje, det vart eit nytt spanande oppgjer der ingenting var avgjort før i siste runden - som var Tiaren med ordførar Synnøve Solbakken som oibjekt.
 
Veit du kva nypresten i Uskedalen heiter og veit du kven som no har vore generalsekretær i Europarådet det siste året? Dette var to av dei over 40 nøttene som laga vart sette til å knekka. Det var stor spennvidde over spørsmåla som Torfinn Myklebust og Åse Sivertsvoll hadde klekka ut. 
 
Dei var nok eit hakk vanskelegare enn i førre runden og det lukkast då også betre denne gongen å skilla klinten frå kveiten.
 
Nokre lag kjem, nokre går og nokre består i alle quiz-arrangement og det var fleire nye og spanande og tildels skarpskodde innslag i denne runden med omsyn til mannskap. Til dømes stilte jentene på SPAR med ein kvartett og frå Omvikdalen kom ein kjent kar inn i laget som kallar seg Bringebust, det var Lars Børge Seberg. For ikkje å nemna det nye laget Skorpo 1. Men også gjengangarar som Stord 1 hevda seg nok ein gong.
 
Vertshussjef Morten Nilsen leia runden sjølv også denne gongen og hadde god hjelp av personalet. Leiinga blir meir profesjonell for kvar gong. - No går det snart av seg sjølv, var kommentaren hans i kveld.
 
Også denne gongen var premiane gåvekort - på 700, 400 og 250 kroner.
 
 7 lag var med medan det var 9 sist.
 
Her er resultatlista:
 
1. Nesjarane 54
 
2. Skorpo 1 50
 
3. Bringebust 48
 
4. Stord 1 48
 
5. Byggmester Stensletten 41
 
6. Sparjentene 29
 
6. Old Boys junior 29
 
Av Ola Matti Mathisen
 
Klikk på bilete for full storleik
Lars Børge Seberg kom inn på laget Bringebust som frå før besto av Linda Bringedal og Svein E. Myklebust. (Foto: Ola Matti Mathisen)
 
 
  Tilbake

 
Siste Nyhende
Stort sal av bygdebøker til 100 kroner
Les meir[08.09.2010]

Par frå Iowa var med og fanga 100 fiskar
Les meir[08.09.2010]

Auke i bruken av Fjelly!
Les meir[08.09.2010]

17 konfirmantar vert presenterte
Les meir[08.09.2010]


Teljar
Lenkjer
Utvikla av iDrift AS