 |

| Siste Nyhende | Berre sal av døgnkort i elva | I kveld har Uskedal grunn- og elveeigarlag hatt årsmøte og mellom anna bestemt at det berre skal seljast døgnkort i elva denne sesongen. Som i fjor kostar dei 200 kroner. og dei vert berre seld på nett. Salet av sesongkort som kosta 1100 kroner stoppar og grunnen er at ekspertane i Unimiljø i Bergen meiner uttaket av fisk i Uskedalselva ligg noko for høgt. I 2011 var det oppe i 1,4 tonn medan det i fjor stoppa på 1,1 tonn etter stopp i døgnkortsalet. Årsmøtet attvalde Johannes Feet som leiar.
|  | | Les meir | 23.05.2013 |
|
| Kommunen positiv til riving på Skorpo | Kommunen ved saksbehandlar Jon Harald Kjærland stillar seg i utgangspunktet positiv til at Marit Langballe får riva hovudhuset på Skorpo men sender saka til fylkeskommunen for eventuell uttale.
Huset er oppført i 1828, men er utvida både i lengde, høgde og breidde. Difor er det usikkert kva som er att av det oppinnelege huset
|  | | Les meir | 23.05.2013 |
|
| Meir markering av stemmerettsjubileet | Det er allereie halde eit møte i Uskedalen som markering av stemmerettsjubileet, men det stoppar ikkje der, Tysdag 11. juni samarbeider Omvikdalen bygdekvinnelag, biblioteket og helselaga i Løfallstrand, Seimsfoss og Rosendal om eit større arrangement i Rosendal samfunnshus. Innleiinga er av 4 kvinner der 3 er frå ulike aldersgrupper og ei er innvandrar.
|  | | Les meir | 23.05.2013 |
|
| Gymstick avlyst i kveld | Instruktør Janne Hjelmeland meldar at gymstick-instruksjonen er avlyst i kveld.
| | | Les meir | 23.05.2013 |
|
| Årsmøte i kveld i elveeigarlaget | I kveld torsdag klokka 19 er det årsmøte i Uskedal Grunn- og Elveeigarlag. Det vert halde på Stemneplassen klokka 19
I tillegg til dei vanlege sakene skal endring av kortsal og prisar og endring av fiskereglar drøftast
| | | Les meir | 23.05.2013 |
|
| Også matte kan vera gøy! | - Kor kan eg treffa sjefen for matte-dagane Odd Steinar Arnesen? - Akkurat no er han ute og kastar pilar! Dette vart sagt på skulen i føremiddag, i samband med at det er mattedagar i to dagar for dei 4 lågaste klassane, Og klarare kan det ikkje illustrerast at matte er så mangt og slett ikkje berre nokre trøtte timar i klasseommet.
|  | | Les meir | 23.05.2013 |
|
| Tautrekkjing både her og der | Ein høgst improvisert tautrekkjing inngjekk i programmet på nasjonaldagen, men oppgjeret fristar utan tvil til repetisjon, Og rett skal vera rett: Tautrekkjinga har lange tradisjonar som er teke opp att også av andre bygdelag - til dømes Omvikdalen.
|  | | Les meir | 22.05.2013 |
|
| Skjortefodno tinar fort | Snøfonna i Eikedalen har tint fort i det siste sjølv om tininga har stagnert noko no. Og dermed er den årlege diskusjonen på gong om kva ho eigentleg heiter. I fjor vart det vel opplese og vedtekje at den korrekte lokale seiemåten er skjortefodno, ikkje sant?
|  | | Les meir | 22.05.2013 |
|
| |

 | | Eldre Nyhende | | Promillekøyring i bygda? | | Les meir | [21.05.2013] |
|  | | Klatreføraren er klar | | Les meir | [21.05.2013] |
|  | | Tippetevlinga snart i siste runde | | Les meir | [21.05.2013] |
|  | | Dobbelt tap for Rosendal | | Les meir | [21.05.2013] |
|  |
|  |  | | Teljar | Antal besøkjande siste døgn: | | 1449 |
|  |  | | Sponsorar | |  | |